Aukra kulturhus feirar 1 år!

Tenk at det snart har gått eitt år sidan Aukra kulturhus vart opna! 

Dette vil vi markere med bursdagsfeiring 3. september kl. 13–16. Det er også "Kom deg ut- dagen" samme dag og vi håper store og små tek turen til Aukra kulturhus for ei trivelig stund saman. Vi satsar på fint septembervêr, så vi kan nytte det flotte uteområdet til grilling og aktivitetar. Det vil også vere aktivitetar og sitteplassar inne i kulturhuset. 

- Kafé med sal av kake, kaffi og drikke.

- Grilling utanfor hovudinngangen, ta med eigen grillmat og ta middagen her. Sparebanken Møre spanderer gratis pølse og brød.

- TARE frå Sparebanken Møre kjem kl. 13! 

- Leikar, aktivitetar og rebus. Tweens Zone Gossen stiller med ungdommar frå 9. trinn som vil arrangerer aktivitetar som stigegolf, ringspill, tautrekking med meir.

- Svømmekonkurransar i bassenget.

- Kino: kl. 17 Elemental, kl. 19 Barbie. 

Velkommen til bursdagsfeiring!