Velkommen til Aukradagen laurdag 13. juni 2026!
Vi ønskjer deg velkommen til Aukradagen, som er eit trivselsarrangement der innbyggjarar, besøkande, utstillarar og deltakarar samlast i sentrum. Dagen startar som alltid med gratis frukost med innslag av lokalmat frå Aukra. Vi gler oss til gode samtalar og hyggelege møter mellom folk i alle aldrar. På utescena vert det eit variert og underhaldande program gjennom dagen. I tillegg kan du besøke den populære marknadsplassen, der bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar stiller ut, sel mat eller ulike produkt, og slår av ein prat med publikum. Her finn du fargeglade boder, spennande aktivitetar, god mat og ein herleg miks av kreativitet og lokalt engasjement.
Tema 2026: Humor over Aukra
Kvart år har Aukradagen eit tema som sett tonen for dagen. I år inviterer vi alle – både publikum, utstillarar og deltakarar – til å vere med og skape ein humoristisk, tullete og fole artig dag! Pynt standen din og deg sjølv, overdriv gjerne litt, finn på noko tull – bruk humoren og fantasien! Det blir òg kåring av Årets mest humoristiske stand og Årets Aukraværing.
Program
- Velkommen til gratis frukost kl. 10.00–11.30
- Marknadsplassen er open kl. 10.00–16.00
- Offisiell opning av Aukradagen kl. 11.00
- Underhaldning på utescena kl. 11.00–16.00
- Aktivitetar barn og unge i Alette sin hage kl. 11.00–16.00
- Kafé Soltun scene, 9. trinn kl. 12.00–16.00
- Opning av salsutstilling til minne om kunstar Jorunn Småge Jerner i Liljå kl. 12.00
- Urban Cirkus - Sjonglørshow på utescena kl. 12.30
- Sirkusskole med Urban Cirkus i Alette sin hage kl.13.00–15.00
- Hemmeleg gjest (som sjølv insisterte på å komme)...
- Kåring Årets Aukraværing og beste (humoristiske) stand kl. 15.30
- Afterparty i Wickssalen med Tetra, Hydra og Rabagasta kl. 21.00–02.00. Arrangør: Gossen Idrettslag. Aldersgrense: 10. klasse. Billettsal.
Marknadsplassen og underhaldninga på utescena er ein stor del av Aukradagen!
Vi ønskjer eit mangfold av deltakarar både på marknadsplassen og på utescena.
Meld deg på med stand eller bidrag på utescena seinast 31. mai
Årets Aukraværing - På Aukradagen skal vi dele ut prisen til Årets Aukraværing.
Vi sjåast på Aukradagen!
