Endeleg kan vi arrangere Aukradagen igjen!
Laurdag 10. juni vil vi stå klar til å ønskje deg velkommen til Aukradagen. I år gler vi oss ekstra til å ta i bruk Aukra kulturhus, og ikkje minst det fine området i sentrum på Falkhytten.
Aukradagen 2023 vil ha fokus på tema som berekraft, gjenbruk og redesign. Vi blir glade om fleire også vil rette eit fokus på dette denne dagen. Det blir utstilling, verkstad, lopper og mykje meir.
Program for Aukradagen:

Velkommen til frukost kl. 10.00–11.30

Marknadsplassen er open kl. 10.00–16.00

Konsert på utescena kl. 11.00–16.00

Konsert med Dance with a Stranger kl. 20.30–01.30, utescene
Marknadsplassen og utescena
Marknadsplassen har kvart einaste år hatt stor deltaking, - og i år har vi trua på at det vil bli endå fleire. Klarer vi å sette deltakarrekord? Det hadde vore fantastisk! Meld deg på, -anten som utstillar eller med ei framføring på utescena. Vi ønskjer lag, organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar hjarteleg velkommen til Aukradagen!
Påmelding innan 22. mai 2023 for marknadsplassen og utescena.
Nominer din kandidat til ”Årets Aukraværing”
Formålet med prisen er å stimulere til nyskaping og positivisme, samt utmerke initiativ og skaparkraft i Aukra. Prisen skal gå til personar, bedrifter eller organisasjonar som på ein eller annan måte har bidrege til- eller med dette i det føregåande år. Ein jury vurderer kandidatane og utpeikar ein vinnar.
Din nominasjon sendast til kultursjef, Anne Jorunn Sandøy på e-post innan 1. juni: anne.jorunn.sandoy@aukra.kommune.no
Bli med på Bakluke-loppis på Aukradagen
Gossen bygdekvinnelag og Aukra frivilligsentral arrangerer Bakluke-loppis på Aukradagen. Du kjem med eigen bil/bord og vil få ein parkeringsplass i sentrum. Her kan du selje alt av små og store lopper. Rydd i kjellar og loft, og la tinga dine finne nye eigarar! Bakluke-loppisen skal vere open frå kl. 10–16. Det er berre 25 plassar, så det er førstemann til mølla. Gratis å delta.
Påmelding innan 15. mai på e-post til Linn Blomvågnes i Gossen bygdekvinnelag: linn_vangen@hotmail.com
Redesign med Aukra kulturskole
På Aukradagen vil kulturskolen invitere barn til å lage sin eigen kunst ved å gjenbruke ulike materialar. Aukra kulturskole ber derfor om hjelp til å få samla inn ulike materialar som: eggekartongar, tøy, papprør, aviser og vinkorkar. Dine bidrag kan leverast på kulturhuset, ved kunstrommet Marbakken (innsamlingsboks utanfor døra). Takk!



