Kunstutstilling: Renee Christine Kårstein 2. -31. mai
Tysdag 2. mai opnar det ei ny kunstutstilling i utstillingsrommet Liljå. Denne gongen er det Renee Christine Kårstein som viser eit utval av sine måleri. Renee måler med akrylmåling og motivene er varierte, med inspirasjon frå natur, sjø, dyr og meir abstrakte motiv.
Renee er "fole" kreativ og har fått mykje inspirasjon frå mor si. Sjølv har ho videreført sin kreativitet til sine tre barn, som alle er flinke å teikne og måle. Dei siste åra har Renee vore på ein del forskjellige kurs, mellom anna eit målekurs der fokuset var på bølgjer. Ta turen til kunstutstillinga i Liljå og sjå måleria som Renee stiller ut.
Utstillinga er open i bibliotekets opningstid