BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjer det enklare for barn og unge å prøva fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auka forbruket.
BUA Aukra ligg i 2.etasje i kulturhuset, ved administrasjonen. Her kan du låne alt av utstyr gratis!
Me har gratis utlån av utstyr til vinteraktivitetar, sommaraktivitetar og friluftsliv heile året. Det er ikkje mogleg å reservera utstyr på sommaren, førstemann til BUA gjeld.
Alle kan låne utstyr frå utlånssentralen. Dette er eit tiltak for å få fleire i aktivitet. Me har til dømes det meste du treng til ein friluftstur i vår eller i sommar; telt, lavvo, liggeunderlag, sekk, primus, sykkel og fiskestong. Eller til ein skitur på vinterstid; langrennsski, stavar og skisko, slalomski, stavar og slalomsko, pulk, truger, akebrett og sekk.
Trykk her for å sjå utstyret i Bua og kva som er tilgjengeleg.
Åpningstider:
Tirsdag: 15.00 - 18.00
Torsdag: 15.00 - 18.00
Kontakt:
Telefon: 971 82 668
E-post: jens.petter.kjoll@aukra.kommune.no