Teateret Vårt

Om arrangementet

Kongen av Veøy

Eit eventyr frå verkelegheita

Reisa til Jonas Lied frå Sølsnes gard i Romsdalen er eit fantastisk eventyr som strekkjer seg langt forbi det me kunne tru var verkeleg. Me møter ein ung mann med eit urikkeleg mot og ei brennande eventyrlyst, som våga å drøyma større enn dei fleste.

I år 1900 tok den 19 år gamle Jonas steget ut i verda for å erobra den. Jonas Lied var ein eksentrisk, autoritær og sjarmerande skikkelse. I Tyskland bygde han seg opp som forretningsmann før han drog vidare til Paris. Der vart han kjend med det pulserande kunstnarlivet og opplevde ein rikdom av kulturar som inspirerte han djupt. Det private arkivet hans vart gjeve til Romsdalsmuseet i Molde og delar av kunstsamlinga hans vart stilt ut på Pusjkin-museet i Moskva i 2005.

Jonas Lied var krigsprofitør under første verdskrigen. Kong Haakon utnemnde han til konsul av Sibir, og Lied forhandla med Lenin, Trotskij og Stalin. Etter revolusjonen i Russland vart han arrestert og fekk tilbod om a? verta sovjetisk spion. Han valde i staden å rømma landet, men ikkje før han fyrst hadde prøvd å få fri tsarfamilien. Han gjorde forretningar med Spanias diktator Franco og vart ven med Vidkun Quisling. Under krigen sende han skipa sine ut i minelagde område, trass risikoen for at dei kunne verta torpederte. Då krigen var over vende han attende for å kjøpa barndomsheimen på Sølsnes gard, som han fylte med russiske ikon, måleri og andre kunstobjekt frå dei utrulege reisene sine. Då Jonas Lied døydde i 1969 vart han gravlagd på Veøya med ein gravstein som han sjølv hadde førebudd med teksten «I dag meg, I morgen deg».

Teaterframsyninga er nyskriven av Vidar og Erlend Sandem og basert på livet til Jonas Lied og alt det han kom til å erfara. Ei historie som minner oss om mot, lidenskap og det uventa som forma eit ekstraordinært liv. I rolla som den eventyrlystne polarforskaren, forretningsmannen og globetrottaren Jonas Lied finn me skodespelar Per Egil Aske, kjend frå ei rekke roller på Teatret Vårt, mellom anna Driving Miles der han trollbatt salen og hausta strålande kritikkar med historia om sjåføren til Miles Davis.