Aktivitetstilbod

Aktivitetstilbod

Aukra kommune har ulike tilbod for deg som vil vere aktiv. Det er berre å møte opp på tilboda om du har lyst å prøve. Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane om du har spørsmål eller treng hjelp med påmeldinga.

Her kan du lese om dei ulike tilboda:

Aktiv på dagtid

Aktiv på dagtid er eit tilrettelagt aktivitetstilbod til deg som ønskjer å komme i gong med fysisk aktivitet saman med andre. 

Les meir om Aktiv på dagtid og meld deg på

Aktiv senior

Aktiv Senior er for deg som er pensjonist og ønskjer å vere med på fysisk aktivitet saman med andre. 

Les meir om Aktiv senior og meld deg på

 

Kontaktperson Aktiv på dagtid/Aktiv senior:

Tove Charlotte Æsøy, Folkehelsekoordinator

Mobil 90 80 96 46 Send e-post 

 

Frisklivssentralen sine treningstilbod

Frisklivssentralen er ei kommunal førebyggjande helseteneste. Frisklivssentralen tilbyr for tida tre forskjellege treningstilbod: Yoga/bevegelegheitstrening, basistrening og tabata.

Les meir om Frisklivssentralen sine treningstilbod og meld deg på

 

Kontaktperson Frisklivssentralen sine treningstilbod:

Kristine Småge, Frisklivsrettleiar

Mobil 47 35 35 04 Send e-post

 

 

I tillegg til aktivitetstilboda i Aukra kommune sin regi er det frivillige lag og organisasjonar som tilbyr treningsaktivitet:

Aukra Revmatikerforening - Trening i varmt vann med instruktør

Kvar måndag kl. 18.00–19.30 i bassenget i Aukra kulturhus. Tilbodet er ope for alle. 

Pris: 40,- for medlemmar i Aukra Revmatikerforening/ 100,- for andre. Kjøp klippekort eller Vipps til 114981.

Kontaktperson Aukra Revmatikerforening:

Astrid Pedersen telefon 93 40 98 65