Djupet

Ordinære opningstider i bassenget

Dag Aktivitet Tid
Måndag Leik-moro og familie 14.00–18.00
Trening – Revmatikarforeninga 18.00–19.30
Tysdag Morgonsvømming 06.30–10.00
Babysvømming 10.00–11.00
Trening – Revmatikarforeninga 16.00–17.30
Onsdag Aktiv senior/aktiv på dagtid 14.00–15.00
Leik-moro og familie / Mosjon 17.00–20.00
Torsdag Morgonsvømming 06.30–10.00
Fredag Leik-moro og familie / Mosjon 16.00–19.00
Laurdag Leik-moro og familie 11.00–15.00
Søndag Babysvømming 11.00–12.00
Leik-moro og familie 12.00–15.00

Om bassenget:

  • Bassenget er 12 × 25 meter.
  • Bassenget kan delast i to med ein skillevegg. Då kan vi tilby ulike aktivitetar samtidig, til dømes mosjonssvømming på den eine sida og leik, moro og familie på den andre.
  • Skilleveggen gjer det mogleg å ha ulik temperatur i dei to bassengdelane. Den eine delen har heve- og senkebunn, som gjer bassenget meir tilgjengeleg for ulike behov.
  • Det er trapp ned på den eine sida og rampe på den andre sida.
  • Du òg nytte boblebad, kald dusj og badstover.
  • Vi har volleyballnett som kan settast opp på forespurnad til badevertene når det er leik-moro og familie.
  • Hinderløypa vert lagt ut første fredagen i kvar månad når det er leik-moro og familie.

Temperatur i bassenget: 

  • Trening i regi av Aukra Revmatikerforening: 34 grader 
  • Tysdag-fredag: 29,5-30 grader 
  • Laurdag-søndag: 32 grader
  • Babysvømming: 33 grader
Babysvømming:
 
Babysvømming er ein triveleg familieaktivitet der barnet er saman med ein eller to foreldre i vatnet. Å vere i vatn gjev ein unik rørslefridom og styrkar barnet sosialt og motorisk. Barn som er vande med vatn, vert tryggare i vatnet og lærer lettare å symje. Dette er babysvømming utan instruktør, men badevaktene er tilgjengelege. Du kan få kjøpt badebleiar. 
 
  • Babysvømming søndagar kl. 11–12 - Søsken kan også vere med på babysvømming på søndagar.
  • Babysvømming tysdagar kl. 10–11 - For deg som er heime med små barn på dagtid.
 

Organisert trening i bassenget: 

Aktiv senior/aktiv på dagtid

Aktiv senior/aktiv på dagtid tilbyr bassengtrening. Du kan komme på prøvetime. Medlemskontigent: kr 400,- pr. halvår. Om du har spørsmål ta kontakt med folkehelsekoordinator Tove Charlotte Æsøy, tlf: 90809646.

Les meir og meld deg på 


Aukra Revmatikerforening - Trening i varmt vann med instruktør

Måndagar kl. 18.00–19.30 i bassenget i Aukra kulturhus
Tysdagar kl. 16.00 - 17.30 i bassenget i Aukra kulturhus

Maks 20 personar pr. gruppe. Tilbodet er ope for alle.

Påmelding pr. sms til tlf: 93 40 98 65.

Pris: 60,- for medlemmar i Aukra Revmatikerforening/ 120,- for andre.

Kjøp klippekort eller Vipps til 114981.

Kontaktperson Aukra Revmatikerforening: Astrid Pedersen tlf. 93 40 98 65

Billettkategoriar og prisar

Billettkategori Billettype Pris
Vaksne (frå 18 år) Enkeltbillett 80 kr
Årskort 3 000 kr
Halvårskort 1 600 kr
Student / honnør Enkeltbillett 60 kr
Årskort 1 900 kr
Halvårskort 1 100 kr
Barn (4–17 år) Enkeltbillett 40 kr
Årskort 1 300 kr
Halvårskort 750 kr
Barn under 4 år Enkeltbillett Gratis
Familie – to vaksne med barn frå eigen husstand Enkeltbillett 200 kr
Halvårskort 3 400 kr
Årskort 6 000 kr
Familie – ein vaksen med barn frå eigen husstand Enkeltbillett 150 kr
Halvårskort 2 500 kr
Årskort 4 200 kr
Klippekort
barn / student / honnør / vaksen
10 klipp Betal for 8

  • Prisane for enkeltbillettar gjeld per gong, ikkje per time. 
  • Du kan betale med Vipps til 122 677 før du går i bassenget.
  • Det er og mogleg å betale i kassa, badevertane hjelper deg.

Kontaktinformasjon når bassenget er ope:  
Tlf: 476 74 786
Epost: post@aukrakulturhus.no
Postadresse: Aukra basseng, Aukraringen 3, 6480 AUKRA