Kulturskolen skal gi opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet til alle barn og unge som ønskjer det. Formålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Kulturskolen skal være eit ressurs og kompetansesenter for kunst -og kulturfag i Aukra kommune.
Kulturskulen har mange tilbød for alle aldersgrupper innan musikk, dans, kunst, og teater. Trykk her for å lese meir om tilboda.
Den ordinære undervisninga i kulturskolen fylgjer skoleåret (38 veker).
Kulturskolen fylgjer skolerutas fridagar/planleggingsdagar om ikkje anna er opplyst.
Kulturskolen held til i 2.etasje og underetasjen på kulturhuset.
I 2.etasje er kunstrommet Marbakken og undervisningsromma Kokkeluren, Gåplå og Lærå.
I underetasjen er bandrommet Kvalen, Ormen og Falken dansesal.
Har du lyst å søkje plass i kulturskolen?
Aukra kulturskole har søknadsfrist for hovudopptak 15. mars, men du kan søkje om plass heile året. Om vi har ledig plass på tilbodet du ønskjer, kan vi ta deg opp som elev når som helst i løpet av året.
Les meir om tilboda i Aukra kulturskole og søk om plass
Kontakt:
Rektor: Malin Solberg
Mobil: 93266609
E-post: malin.solberg@aukra.kommune.no
E-post: kulturskolen@aukra.kommune.no