BUA Aukra

BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjer det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket. 

BUA Aukra ligg i 2. etasje i kulturhuset, ved administrasjonen. Her kan du låne alt av utstyr heilt gratis.

Vi har gratis utlån av utstyr til vinteraktivitetar, sommaraktivitetar og friluftsliv heile året. Det er ikkje mogleg å reservere utstyr på sommaren, førstemann til BUA gjeld.

Alle kan låne utstyr frå utlånssentralen. Dette er eit tiltak for å få fleire i aktivitet. Vi har til dømes det meste du treng til ein friluftstur i vår eller i sommar; telt, lavvo, liggeunderlag, sekk, primus, sykkel og fiskestong. Eller til ein skitur på vinterstid; langrennsski, stavar og skisko, slalomski, stavar og slalomsko, pulk, truger, akebrett og sekk. 

Trykk her for å sjå utstyret i Bua og kva som er tilgjengeleg.

 

Opningstider i påska:

Stengt: 26. mars

Då vi har stengt tysdag 26. mars kan du få låne utstyr
Torsdag 21. mars og ha til over påske - 2. april.

Opningstider 

Tysdag 15.00–17.00

Torsdag 15.00–17.00

 

Kontaktinformasjon: 

Telefon: 909 86 251

 

Slik går du fram for å låne utstyr: 

Du opprettar ein låneprofil i BUA-portalen: www.bua.no.

Når du opprettar ein låneprofil, må du verifisere personopplysningane dine med Vipps. Om du ikkje har Vipps, kan du verifisere mobilnummeret og e-postadressa ved å få tilsendt ein kode og vise fram legitimasjon i ei BUA-avdeling første gong du skal låne. Når du opprettar ein låneprofil i BUA-nettverket, godtar du BUA-nettverket sine standard lånevilkår og samtykker i at vi kan lagre personopplysningane dine. Når du kjem for å låne, er alt du treng å gjere, å gje opp mobilnummeret ditt. Mobilnummeret fungerer som ID. Alt du eller barna dine låner, blir registrert, og du får kvittering på e-post. Du kan kva tid som helst logge inn på låneprofilen din og sjå ei oversikt over alt du har lånt. 

Ein vaksen må vere ansvarleg for lånet. Barn og ungdom under 18 år kan låne gjennom BUAnettverket, men ein myndig person må vere ansvarleg for lånet. Den vaksne må opprette ein låneprofil og leggje til mindreårige som medlånetakar. Medlånetakarar under 18 år må leggjast til med eit eige mobilnummer og ei eiga e-postadresse. Barn som ikkje har ei eiga e-postadresse og eit eige mobilnummer, kan låne gjennom foreldra sin låneprofil om foreldra skriv det i notatfeltet i låneprofilen sin.