Aukra gjennom tidene er snart klar for sal igjen, og dette feirast med ein lanseringskveld tysdag 19. november kl. 19 i Wickssalen. Her kan du få sikra deg årets utgåve, noko som heilt sikkert vil vere ei populær julegåve! Nokre av forfattarane i Aukra gjennom tidene 2023-2024 vil orientere litt om artiklane sine.
Det vert også markering av at Aukra kommune fyller 100 år! Då blir det sjølsagt servert kaffe og god kake. Same kveld vil ordførar Helge Kjøll Jr. avduke eit nytt skilt utanfor Aukra kulturhus.
Aukra sogenemnd er arrangør og håpar at so mange som mogleg vel ta turen. Vel møtt!
Har du ikkje anledning å komme, kan du kjøpe Aukra gjennom tidene på biblioteket frå og med onsdag 20. november.