Aukradagen 14. juni

Aukradagen feirar 15 år!

Vi lovar eit tettpakka program på utescena, den største marknadsplassen nokon gong, gratis frukost, nye og spennande aktivitetar for dei minste og mykje meir. Konferansier Rune Nilson vil lose oss gjennom dagen med mykje dialekthumor og anna moro!

Påmeldinga er open og vi håpar du vert med på feiringa! Meld deg på med stand på marknadsplassen eller med underhaldning på utescena. Sidan årets tema er bursdagsfeiring, oppfordrar vi alle med stand til å la seg inspirere av temaet og kanskje de kan vinne prisen for årets stand?

Påmeldingsfrist er 25. mai.

Gå til påmeldingsskjema på Aukra kommune sin nettstad

Vennelaget - Aukra kulturhus inviterer til utekonsert på Aukradagen laurdag 14. juni!

Her blir det god stemning med livemusikk på utescena frå kl. 20.00–01.00. Først ut er bandet Nerli There, før tributebandet Cover Me kjem på scena med musikk av Bruce Springsteen. Den siste delen av utekonserten får vi høyre det nystarta lokale bandet Tetra

Aldersgrense: 15 år (frå 9. klasse)

Billettprisar
15–17  år: kr. 350,- 
Over 18 år: kr. 450,-

Les meir om arrangementet og kjøp billett


Meir informasjon om Aukradagen kjem fortløpande. Velkommen til Aukradagen!