Aukradagen feirar 15 år!
Vi lovar eit tettpakka program på utescena, den største marknadsplassen nokon gong, gratis frukost, nye og spennande aktivitetar for dei minste og mykje meir. Konferansier Rune Nilson vil lose oss gjennom dagen med mykje dialekthumor og anna moro!
Program for Aukradagen 14. juni:
- Velkommen til frukost kl. 10.00–11.30
- Marknadsplassen er open kl. 10.00–16.00
- Underhaldning på utescena kl. 11.00–16.00
- Aktivitetar for barn og unge i Alette sin hage kl. 11.30–16.00
- Topp hemmeleg pirataktivitet med Skogpiraten
- Opning av kunstutstilling i Liljå kl. 12.00
- Jubileumskake og kaffi kl. 14.30
- Molde Janitsjar på utescena kl. 15.00–15.30
- Kåring Årets Aukraværing og Beste stand kl. 15.30
- Kåring Dialektquiz med Rune Nilson kl. 15.45
- Afterparty - livemusikk på utescena kl. 20.00–01.30
Sjå programmet for underhaldninga på utescena kl. 11–16
Vennelaget - Aukra kulturhus inviterer til Afterparty
Her blir det god stemning med livemusikk på utescena frå kl. 20.00–01.00. Først ut er bandet Rabagasta Trio, før tributebandet Cover Me kjem på scena med musikk av Bruce Springsteen. Den siste delen av utekonserten får vi høyre det nystarta lokale bandet Tetra. (Nerli There måtte diverre melde avbud, men Vennelaget har fått inn ei god erstatning med det lokale bandet Rabagasta Trio!)
Aldersgrense: 15 år (må vere fylt 15 år og ha med gyldig ID)
Billettprisar:
15–17 år: kr. 350,-
Over 18 år: kr. 450,-
Les meir om arrangementet og kjøp billett
Les ein digital utgåve av brosjyra som er sendt ut pr. post til alle som er busett i Aukra
Meir informasjon om Aukradagen kjem fortløpande. Velkommen til Aukradagen!