Aukradagen 2024
Møteplass i sentrum
Velkommen til Aukradagen laurdag 15. juni!
Marknadsplassen og utescena
Aukradagen skaper forventning, trivsel og glede! Vi gler oss over at Aukradagen blir merka av i kalenderen, er eit arrangement det er kjekt å delta på, komme heim til, eller invitere venner og kjente til eit besøk til. Vi inviterer derfor organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar til å bli med å lage årets møteplass i sentrum. Meld deg på, - anten som utstillar eller med ei framføring på utescena.
Årets tema er historie: Fortid – Nåtid – Framtid
Vi er alle historieskapte og historieskapande med ei fortid, nåtid og framtid, og fortida har betydning for både nåtid og framtid. Vi oppfordrar alle i år til å bruke Aukradagen til å formidle lokalhistorie, organisasjons- og bedriftshistorie.
Bruk Aukradagen til å fortelje kven de er og om planar framover. Bruk gjerne gjenstandar, trykksaker og anna materiale. Send oss gjerne litt historisk info, slik at dette kan brukast i planlegginga vår av tema og i presentasjon av utstillarane.
PROGRAM |
||
Fredag 14. juni |
Tidspunkt |
Stad |
Konsert med Gossen Gospel Voices |
|
|
Laurdag 15. juni - AUKRADAGEN |
|
|
Velkommen til frukost |
Kl. 10.00-11.30 |
v/Aukra kulturhus |
Marknadsplassen er open |
Kl. 10.00-16.00 |
|
Konsert på utescena |
Kl. 11.00-16.00 |
|
Ordføraren opnar nytt tilbygget på brannstasjonen kl. 11.15 Open brannstasjon med besøk av Bjørnis kl. 11.15-13.00 |
||
Afterparty i regi av Vennelaget – Aukra kulturhus Opplev sju lokale band frå to scener i Aukra kulturhus. Pris kr. 250,- Aldersgrense 15 år (f. 2009) Pris under 18 år kr. 100,- Billettsal: www.aukrakulturhus.no |
Kl. 20.30-02.00 |
|
Påmelding og informasjon
Meir informasjon om Aukradagen finn du på Aukra kulturhus si heimeside.
Du finn også påmeldingsskjemaet her: Aukradagen - Aukra kommune
Frist for påmelding til Marknadsplassen og Utescena er seinast 16. mai 2024.
Årets Aukraværing