Babysvømming

Søndagar kl. 11.00–12.00 Babysvømming

Babysvømming er ein triveleg familieaktivitet der barnet er saman med ein eller to foreldre i vatnet. Å vere i vatn gjev ein unik rørslefridom og styrkar barnet sosialt og motorisk. Barn som er vande med vatn, vert tryggare i vatnet og lærer lettare å symje. Dette er babysvømming utan instruktør, men badevaktene er tilgjengelege. 

Vi bruker ein del av bassenget som er oppvarma til 33 grader for anledninga. Du får kjøpt badebleier. Søsken kan også vere med på babysvømming. 

Les meir om bassenget og opningstider