Faste tilbod i Aukra kulturhus våren 2026
Med eit nytt år kjem moglegheita til å finne seg nye interesser, og for mange gjev eit ubeskrive år ekstra inspirasjon til å fylle kvardagen med noko nytt og meiningsfylt.
I Aukra kulturhus er det mange faste tilbod og møtestadar der ein kan vere saman med andre. Har du tenkt at du vil starte opp med ein aktivitet i 2026?
Aukra kulturskole har tilbod for barn, unge og vaksne. Dei har tilbod både på Gossen og i Julsundet.
No inviterer danselærarane til gratis prøvetimar på Dansemix. Det er to grupper, ei for vaksne og ei for seniorar (60+). Timen kombinerer ulike dansesjangrar, samt litt styrketrening og tøying/avspenning. Innhaldet i timen blir tilpassa gruppa og passar for vaksne i alle aldrar som er glad i musikk og bevegelse. Tysdag 6. og 13. januar kan du komme å teste ut Dansemix:
Dansemix for senior (60+) kl. 17.00–17.45. Dansemix for vaksne kl. 17.45–18.45
Møt opp i aktivitetssalen Falken i under.etg, inga påmelding. Kom aleine eller ta med ein venn.
I tillegg til tilboda som foregår i Aukra kulturhus er det mange fleire rundt om i kommunen vår. På nettstaden til Aukra kommune finn du oversikt over lag og organisasjonar.
