Gamingkafé

Gamingkafé
 
Om tilbodet: Vi har gleda av å introdusere eit nytt tilbod i Aukra kulturhus for alle heimebuande seniorar i Aukra kommune - Aukra frivilligsentral og Aukra bibliotek inviterar til Gamingkafé. Vi  tek fram ulike brettspel og vil ha eit hovudtema for kvar gong. Ta med godt humør og kom til Soltun scene og test ferdigheitene dine på spelefronten. Kanskje du vert ein ekte gaming-mester før du veit ordet av det!
 
Aktuelle spel:
  • brettspel
  • teppecurling
  • nintendo switch
  • sjakk
  • bingo og mykje meir
 Vi har open kafé med sal av kaffi og noko godt attåt. 
 
 
Tid:  Annakvar fredag kl. 11.00–13.00. Siste gong før sommaren er 6. juni og då vert det bingo! 
 
Stad: Soltun scene

Velkommen!