Høgdepunkt frå Aukradagen 2024

Aukradagen - ein fole kjekk dag!

Vi vil takke alle som bidrog til at Aukradagen vart ein stor suksess i år og. Det er kjekt å sjå at så mange tok turen til sentrum, åt frukost og tok seg god tid til å få med seg alt av underhaldning, stander og aktivitetar. Aukradagen er ein viktig møteplass i kommunen vår og vi gler oss allereie til neste år. 

Prisutdelinga av "Årets Aukraværing" og "Beste stand" var nokre av høgdepunkta under Aukradagen, som i år samla rekordmykje folk. Ein fantastisk dag i strålande sommarvér, seier kultursjef Anne Jorunn Sandøy i Aukra kommune. Det store oppmøtet viser kor viktig denne dagen har blitt for innbyggjarane i kommunen og tilreisande. 

 

Årets Aukraværing

Om Årets Aukraværing;

Vinnaren oppfyller i aller høgaste grad vilkåra som ligg til grunn for å få utmerkinga Årets Aukraværing. Prisen kan gå til personar, bedrifter eller organisasjonar som på ein eller annan måte har utmerka seg i det føregåande året. Juryen verdsett stort engasjement, pågangsmot, innsats, men ikkje minst omsorg og hjartevarme for dei du møter. Dette er også skildrande ord om vinnaren.

I nominasjonen vert det sagt om vinnaren:

- Med stort engasjement er dei opptatt av aktivitet for alle i lokalmiljøet. Gjennom idretten har dei spesielt utmerka seg, men bidreg både til å oppretthalde og utvikle aktiviteten som skjer i bygda.

- Vi siterer; «Makan til damer skal du leite lenge etter! Sjølv om programmet er fullt så rekk dei det meste, samtidig som det blir gjort på ein omsorgsfull måte slik at alle rundt dei har det bra og verden kjennast litt betre. Dei skaper glede og engasjement rundt seg, og trua på at alt går an smittar over på dei som er rundt.»

- Dette er eldsjeler av det sjeldne, som brenn for at barn og unge skal ha det best mogleg, med aktivitetar dei trivast med. Sjølv når eigne barn ikkje lenger er aktive, held dei fram som trenarar. Dei har alltid tid om nokon treng det.

- Vinnarane sjølv seier; «Vi må opne husa våre for alle sine barn, heilt frå dei er små. Berre på den måten veit dei at dei kan komme heim til oss når dei bli ungdommar og noko er vanskeleg.» Derfor er det alltid middag til ein til i deira heim.

- Å bry seg er heilt naturleg når nokon har gløymd matpakka, eller ikkje blir henta. Då blir matpakka delt og barna blir trygt køyrd heim.

- Dei er fotballmammaer, hestemammaer, hundemammaer og skolehjelparar, trenar for leiar for fotballag, trenar og leiar i turn og aktiv i Julsundmarkas Venner. Alle i bygda kjenner dei og har ein relasjon til desse to damene.

- Og sist, men ikkje minst, vinnaren har for ikkje lenge sidan også satt bygda og heile Aukra kommune på kartet, når 450 gymnastar frå heile fylket deltok på eit storstilt kretsstemne i turn.

Juryen er ikkje i tvil om at vinnaren bidreg nettopp til det som står i statuttane;

Å gjere Aukra til ein «fole bra» kommune å bu i.

Utmerkinga Årets Aukraværing 2024 blir gitt til: Terese Solheim og Kristin Ulven

Bilete: Terese Solheim, ordførar Helge Kjøll Jr og Kristin Ulven

Beste stand 

Aukra Auto AS fekk prisen for "Beste stand" på Aukradagen i år. Det lokale firmaet har ei lang og stolt historie heilt sidan 1947. I ei årrekke har dei drevet med buss, godstransport og verkstad, med base i Bakkemyra på Gossen.

På standen fekk dei vist fram mykje av si rike historie, gjennom ei fin utstilling der vi fekk sjå det første skrivebordet som var i bruk i firmaet, sjåførvesker, flygeblad, billettmaskiner, melkespannlister, bileter og eit skilt som var i bruk under utbygginga på Nyhamna. Ein kreativ og nostalgisk stand som samsvarar godt med årets tema som var fortid - nåtid - framtid.

 

Bilete: Sveinung Bakkemyr, Kjell Stian Brunes og ordførar Helge Kjøll Jr.

Bilete frå standen til Aukra Auto AS