Laurdagskafé i Aukra kulturhus
Laurdagskaféen ved Soltun scene i Aukra kulturhus er populær og det er mange som tek turen innom for ei triveleg stund. Kaféen er drifta av frivillige som arrangerer laurdagskafé. Siste laurdagskafé før sommaren er 7. juni og det vert pause til 9. august.
Hausten 2025
Laurdagskaféen er drifta av frivillige og er ein populær møteplass for innbyggjarar og besøkande i Aukra. Laurdagane vert fordelt og lag og organisasjonar vert prioritert.
Det er no mogleg å komme med ønskjer om å arrangere laurdagskafe hausten 2025.
Datoane som er tilgjengeleg er lista opp under:
- 9. august
- 16. august
- 23. august
- 30. august
- 27. september
- 4. oktober
- 11. oktober
- 25. oktober
- 1. november
- 8. november
- 15. november
- 6. desember
- 13. desember
Frist for å komme med ønskjer er 30. mai. Send ønskjer til e-post: idun.sandoy@aukra.kommune.no, eller telefon 909 86 251 om du vil melde di interesse.
Oppdatert 28. april 2025