Ver med å marker årets varmaste dag!
Måndag 23. november blir MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet med eitt mål for auget: Spre glede! MOT til å glede-dagen er ei ekstra bevisstgjering på å ha mot til å bry seg, og det vert gjennomført gledeaktivitetar på skular over heile landet. Aukra kommune er ein MOT-kommune, og markerer sjølvsagt MOT til å glede-dagen. MOT til å glede-dagen blir markert på begge skulane i Aukra -og så håpar eg at han også blir markert rundt om i heile kommunen.
Betyr meir enn du trur!
MOT ønskjer å skape eit varmare og tryggare samfunn der alle blir sette og inkluderte. Vi har alle eit ansvar, så kvifor ikkje nytte MOT til å glede-dagen til å gjere ein liten innsats? Det kan bety meir enn du trur!
Dagen handlar om å glede andre med enkle middel. Eg vil utfordre alle til å glede nokon dei møter i dag. Sei hei til naboen, smil til alle du møter på vegen, ta ein telefon til ein ven du ikkje har sett på ei stund, besøk bestemor, fortel venner kvifor du set pris på dei eller gjer noko hyggeleg for ein framand. Moglegheitene er uendelege.
Vi har alle eit ansvar for å skape eit trygt samfunn. Eg vil oppmode alle til å tenkje litt utanfor boksen under årets MOT til å glede-dag. Kjenner du nokon som sit åleine og som ikkje har så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på i dag. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gi eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det. Det kan krevje litt ekstra mot, men glede smittar, og verdien til saman blir veldig stor. Dersom kvar og ein bidreg til å spreie litt glede, store som små, trur og håpar eg at vi saman klarer å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn i Aukra.
Kort informasjon om MOT Norge og MOT til å glede-dagen:
- MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004.
- Over 74 000 elevar har MOT på skulen.
- MOT styrkjer robustheita og motet til ungdom gjennom livsmeistringsprogram i skulen.
-
Undersøkingar viser at MOT på skulen bidreg til: mindre hyppig mobbing, færre ungdomar utan ein einaste ven, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk.
Helsing MOT-koordinator Wenche Nesje
