Nominer din kandidat til frivilligprisen 2026 - innan 1. desember.
Prisen vert delt ut til den personen, laget eller organisasjonen som har gjort ein spesiell inkluderingsinnsats i kommunen. Med utdeling av frivilligprisen ønskjer Aukra kommune å heidre enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har gjort ein forskjell - til glede for mange. Vi ønskjer at alle skal kjenne at dei høyrer til i Aukra. Alle veit kor mykje det betyr for oss å høyre til i eit fellesskap, og å få vere engasjert i noko ein syns er kjekt å halde på med på fritida. Det å føle seg velkommen, ha nokon å snakke med og føle seg inkludert. Alt dette vert lagt til grunn når vinnaren skal kårast. Frivilligprisen skal vere eit synleg bevis på at Aukra kommune verdset det frivillige bidraget som er med på å gjere kommunen vår til den beste kommunen å bu i.
Følg lenkja til digitalt skjema for å registrere din nominasjon
Du kan òg levere ein skriftleg nominasjon til kulturavdelinga - i Aukra kulturhus sine opningstider.
Tidligare vinnarar av frivilligprisen:
2018 Gossen motorklubb
2019 Aukra husflidslag
2020 Løvik kystfortforening
2021 Sverre Søreide
2022 Gossen bygdekvinnelag
2023 Matombringarane
2024 Svenn Willy Tollefsen
2025 Inger Lyngvær
