Vi ønskjer velkommen til Hege Haugen - nytilsatt driftsansvarleg i Aukra kulturhus!
Hege starta opp hos oss i slutten av januar og er i gong med å gjere seg kjent med huset, folka og arbeidsoppgåvene.
Vi lar Hege presentere seg sjølv:
"Namnet mitt er Hege Haugen, eg er 53 år og bur på Vestnes. Eg har starta i ei heilt nyoppretta stilling i kulturhuset, som driftsansvarleg. Eg har vore tilsett i Vestnes kommune sidan 1993, i kultursektoren, som lærar, dirigent, inspektør og rektor, og sist som einingsleiar for kultur. Eg ser verkeleg fram til å arbeide i Aukra kommune, med eit fagfelt som eg brenn for, og ikkje minst i eit så fantastisk bygg som kulturhuset er. Arbeidsoppgåvene mine vil vere knytta til drifta på huset, med booking og arrangementsplanlegging, samt andre oppgåver som nok vil komme til etter kvart. Eg gler meg til å få vere med å utvikle Aukra kulturhus som møteplass.
Ta gjerne turen innom kulturhuset, om de har lyst til å slå av ein prat."