Opningstider i sommar
Her er opningtidene og tilboda i Aukra kulturhus i sommar. Velkommen innom!
Sjølbetent kafé (22. juni-15. august)
Det vert sjølbetent kafé ved Soltun scene måndag–laurdag kl. 11–14. Vi har òg isdisk og kaffiautomat. Betaling med vipps (kaffi-automaten tek kort). Nokre dagar er kaféen betent av trivelege elevar i sommarjobb.
Utstillingar
13. juni–4. juli
Salsutstilling til minne om kunstnar Jorunn Småge Jerner
Mykje fine akvareller og akrylmalerier, både lokale motiv og anna.
17. juli–16. august
Krigshistorisk utstilling
Det vil vere sal av både siste og tidlegare utgåver av Aukra gjennom tidene. Betaling med Vipps.
Utstillingane er i Liljå og er opne i biblioteket si opningstid.
Kino
Søndag 5. juli
Kl. 17.00 Minions & monstre
Kl. 19.00 The Death of Robin Hood
Onsdag 22. juli
kl. 19.00 Utøya 22. juli
Bassenget (22. juni-16. august)
- Måndag kl. 14.00–18.00
- Tysdag kl. 08.00–12.00
- Onsdag–torsdag stengt
- Fredag kl. 14.00–18.00
- Laurdag kl. 11.00–15.00
- Søndag kl. 11.00–15.00
Biblioteket
- Biblioteket har vanlege opningstider i sommar, forutan desse dagene der dei har stengt:
Torsdag 2. juli, torsdag 9. juli, laurdag 11. juli, laurdag 25. juli.
Biblioteket har innleveringsboks utanfor hovudinngangen.
BUA (22. juni-16. august)
- Tysdag kl. 10.00–17.00
- Torsdag kl. 10.00–15.00
- Ellers etter avtale.
Ung i Aukra - Open kveld
Open kveld kvar fredagskveld kl. 19.00 - 23.00, med unntak av veke 27, 29 og 30 - då er det stengt. Tilbodet er for ungdom 8. klasse–17 år som bur eller går på skule i Aukra kommune.
Stad: Sentral´n, Aukra kulturhus
Desse datoane er det Open kveld kl. 19.00–23.00:
- Fredag 26. juni
- Fredag 10. juli
- Fredag 31. juli
- Fredag 7. august
- Fredag 14. august
Dei som startar i 8. trinn til hausten kan komme på Open kveld for første gong enten på Julsundet skole- og fleirbrukshus torsdag 20. august kl. 18.00–21.00 eller på Sentral´n fredag 21. august kl. 19.00–23.00.
Gratis skyss til og frå ferjekaia på Gossen til Aukra kulturhus ved påmelding til tlf.nr: 96515043.
