Nytt år og nye moglegheiter til å finne noko å vere med på, for alle aldersgrupper!
I Aukra kulturhus er det mykje aktivitet kvar veke i regi av lag og organisasjonar, foreningar, privatpersonar og kommunen. Her er ei oversikt over faste tilbod du kan bli med på, - kanskje det er i 2025 du skal finne deg ein ny aktivitet?
Aukra kulturskole har mange tilbod for barn, unge og vaksne.
Les meir på nettstaden www.aukrakulturskole.no
Aukra revmatikerforening, Trening i varmt vatn med instruktør
Måndagar kl. 18.00–19.30 og kl. 19.30–21.00. Påmelding Astrid Pedersen sms 934 09 865. Prisar: for medlemmar kr. 50,- andre kr. 100,- Mogleg å kjøpe klippekort.
Aktiv senior/aktiv på dagtid:
Syng saman, onsdagar kl. 12.30–13.30, Falken
Trening i bassenget, onsdagar kl. 14.00–15.00
Barseltreff
Onsdagar kl. 10.00–13.00, Sentral´n
Demenskoret Nordavind
Torsdagar kl. 14.30-16.00, Falken
Gossen musikkorps
Onsdagar kl. 19.00–21.15, Falken
Laurdagskafé
Laurdagar kl. 11.00–15.00,Soltun scene
Stiftelsen JoinUs, tilbod for jenter over 15 år
Enkelte måndagar (sjå annonsering i Stiftelsen JoinUs sine kanalar)
Ung i Aukra – tilbod for unge i Aukra frå 8. trinn til 17 år
Open kveld, tysdagar kl. 17.00–20.00 og fredagar kl. 19.00–23.00
Etterskoletid, torsdagar fra kl. 14.15–16.00, Sentral´n
Månadsarrangement – følg Ung i Aukra i sosiale media for meir info.
Zumba
Måndagar og torsdagar kl. 19, Falken
Vennelaget – Aukra kulturhus – arrangement som quiz, pubkveldar og konsertar.
Les meir om dei ulike tilboda
I tillegg er det fleire lag og organisasjonar som har medlemsmøter og arrangement i Aukra kulturhus.