Sommarles 2025
Alle frå 1.-7. trinn er velkomne til å delta, gjeld også dei som startar på skolen til hausten. es så mykje du orkar, samtidig som du samlar XP (poeng), trofé og premiar.
Sommarles er å ha det kjekt med bøker!
For å bli med, må du lage ein profil på sommarles.no saman med ein vaksen – ein føresett eller forelder.
Var du med i fjor? Då kan du bruke same profilen i år. Er du klar?!
Årets Sommarles-forteljing: Gåterullmysteriene
På sommarles.no får barna tilgang til ei spennande krimgåte – Gåterullmysteriene – skrive eksklusivt for Sommarles av forfattar Mari Moen Holsve. Det finst òg oppgåver til forteljinga. Vi gler oss til å sjå kva Astrid og Asbjørn rotar seg borti denne gongen!
Stikk innom Aukra bibliotek, lån med deg bøker og hent kodeord og premiar. Hugs å registrere alt du les - kvar einaste side tel! Utvalet av premiar varierer frå bibliotek til bibliotek.
Jo meir du les og registrerer på sommarles.no, jo fleire poeng og premiar får du!
Du kan òg få boktips, sjå kva vennene dine les, og samle digitale trofé.