Språkkafé

Språkkafé er for alle vaksne som ønsker å lytte til og øve seg på å snakke norsk språk. Vi snakkar om forskjellige tema og du treng ikkje å forberede deg.

Tid:

Kvar torsdag kl. 11–13, oppstart frå hausten 27. august.

Siste måndag i månaden kl. 18.30–20.00, oppstart 31. august.

Stad: Soltun scene på Aukra kulturhus

Vil du vere frivillig?

Vi treng òg frivillige som snakkar godt norsk og som har lyst å hjelpe andre å øve! Det er ingen krav om utdanning til deg som ønsker å vere frivillig, berre eit ope hjarte og ønske om å snakke med folk frå heile verda.

Vil du vite meir eller melde deg som frivillig? Ta kontakt med kulturformidlar Marta Kristin Eidskrem.