Språkkafé er for alle vaksne som ønsker å lytte til og øve seg på å snakke norsk språk. Vi snakkar om forskjellige tema og du treng ikkje å forberede deg.
Dato, tid og stad
- Dag: kvar torsdag kl. 11–13 og siste måndag i månaden kl. 18-20
- Stad: Soltun scene på Aukra kulturhus
Vil du vere frivillig?
Vi treng òg frivillige som snakkar godt norsk og som har lyst å hjelpe andre å øve! Det er ingen krav om utdanning til deg som ønsker å vere frivillig, berre eit ope hjarte og ønske om å snakke med folk frå heile verda.
Vil du vite meir eller melde deg som frivillig? Ta kontakt med kulturformidlar Marta Kristin Eidskrem.
