StikkBort

Torsdag 8. januar 2026 vart den nye StikkBort-løypa på Falkhytten, Gossen opna. StikkBort er ein lavterskel turkassetrim, der det er plassert ut 4 postkasser i sentrumsområdet, deriblant ved Aukra kulturhus. Alle postane er tilgjengeleg med rullestol/rullator. Det blir mogleg å skrive seg i turbok ved alle postane, og det blir trekt premiar blant dei som skriv seg inn.