Syng saman
Om tilbodet: Vil du vere med i eit sosialt fellesskap og synge i ei gruppe?
Syng saman er eit songtilbod for vaksne i Aukra kommune, spesielt retta mot seniorar og vaksne som er heime på dagtid. Songglede og sosialt fellesskap står i fokus for dette tilbodet. Her handlar det om å oppleve songens glede utan press om å opptre – det vert ingen konsertar, berre hyggelege songstunder.
Innhald:
• Oppvarming og øvingar for å bli tryggare på eigen stemmebruk.
• Song i fellesskap, både unisont og fleirstemt.
• Variert repertoar som spenner over ulike sjangrar og stilartar.
Tilbodet er ein del av aktivitetane i «Aktiv senior» og «Aktiv på dagtid» og legg til rette for ein triveleg møteplass med musikk og samvær i sentrum.
Lurer du på om dette er noko for deg? Kom og prøv!
Tid: Syng saman har tatt pause, det er usikkert om det vert eit tilbod frå hausten.
Stad: Falken, Aukra kulturhus
