Syng saman

Syng saman

Om tilbodet: Vil du vere med i eit sosialt fellesskap  og synge i ei gruppe?

Syng saman er eit songtilbod for vaksne i Aukra kommune, spesielt retta mot seniorar og vaksne som er heime på dagtid. Songglede og sosialt fellesskap står i fokus for dette tilbodet. Her handlar det om å oppleve songens glede utan press om å opptre – det vert ingen konsertar, berre hyggelege songstunder.

Innhald:
• Oppvarming og øvingar for å bli tryggare på eigen stemmebruk.
• Song i fellesskap, både unisont og fleirstemt.
• Variert repertoar som spenner over ulike sjangrar og stilartar.

Tilbodet er ein del av aktivitetane i «Aktiv senior» og «Aktiv på dagtid» og legg til rette for ein triveleg møteplass med musikk og samvær i sentrum. Gruppa vert leia av Elizabeth Stewart Søvik. 

Lurer du på om dette er noko for deg? Kom og prøv! 

Tid: Onsdagar kl. 12.30–13.30

Syng saman har no tatt sommarferie, øvingstider for hausten vert lagt ut så snart dei er klar.

Stad: Falken, Aukra kulturhus

Les meir om Aktiv på dagtid

Les meir om Aktiv senior