Aukra Revmatikerforening og Aukra frivilligsentral inviterer til teppecurling.
Dag: annankvar onsdag, partallsveker. Oppstart 2. september 2026.
Klokkeslett: 17.00–19.00
Stad: Falken, Aukra kulturhus
Kom å bli med på ei sosial stund i lag - teppecurling er tilpassa alle og det er gratis å delta.
Teppecurling er eit spel på ei filtmatte der vi kastar curlingsteinar for å treffe ein blink. Det blir gitt poeng, og vi spelar på lag. Dette er ein artig konkurranse som er sosial samstundes som vi trenar styrke, kraft og strategi. Vi har no to baner, og vi planlegg å konkurrere med lag frå andre kommunar.
Kaffe, saft og noko å bite i blir selt for kr 50,-

