Ung i Aukra

Ung i Aukra

Alle tilboda er for ungdom 8. klasse–17 år som bur eller går på skule i Aukra kommune. Alle arrangementa er rusfrie og dei fleste er gratis.

Ein miljøarbeidar, natteravner og foreldrevakter er tilstades på tilboda. Det skal være trygt å ferdast både inne i kulturhuset og ute i sentrumsområdet. 

Vi tilbyr gratis skyss til og frå ferjekaia på Gossen til Aukra kulturhus på Open kveld på fredagar og på månedsarrangementa, påmelding til tlf.nr: 96515043. Sjå Ung i Aukra på Facebook for skysstider på dei ulike arrangementa. 

Dei som startar i 8. trinn til hausten kan komme på Open kveld for første gong enten på Julsundet skole- og fleirbrukshus torsdag 20. august kl. 18.00–21.00 eller på Sentral´n fredag 21. august kl. 19.00 - 23.00.

Etterskoletid på Sentral´n 

Tysdagar fra kl. 14.00–15.30

Kom og heng på Sentral´n med andre ungdommar etter skulen!
Du kan bruke kjøkkenet til å lage mat, spele playstation, brettspel, billiard, bordtennis eller berre komme for å henge. Det er kiosksal.

Open kveld på Sentral´n

Annankvar onsdag kl. 17. 00 – 20.00  og kvar fredag kl. 19.00–23.00

Kom å ver saman med andre ungdommar. Her kan du spele playstation, bordtennis, billiard, brettspill, teste VR osv eller berre komme for å henge. Musikk og god stemning! Det er også kiosksal.

Open kveld på Julsundet skole 

Annankvar torsdag kl. 18.30–20.00

Kantina og gymsalen på skulen er ope. Kom for å henge med andre ungdommar, spele playstation, bordtennis, brettspill og aktivitetar i gymsalen. Musikk og god stemning! Det er også kiosksal.

Månadsarrangement 

I tillegg til Etterskoletid og Open kveld vil det og vere eit større arrangement ein laurdag i månaden. Miljøarbeidar vil vere til stades på alle arrangementene, i tillegg til frivillige som stiller opp som natteravn og foreldrevakt.

Nokre bilete frå månadsarrangementene vi har hatt tidligare: 


Halloweenkino                 Neonparty


Konsert                              Poolparty

Sjå Ung i Aukra på sosiale media for vekesoversikt over tilboda:

Ung i Aukra på Facebook

Les meir om møteplassar for ungdom

Les om ungdomsLOSane i Aukra kommune

Kontaktinformasjon til miljøarbeidarane: 

Miljøarbeidar for ungdom: Jenny Småge
jenny.smaage@aukra.kommune.no
Mob: 93 45 68 58
 
Miljøarbeidar for ungdom og Fritidslos: Thomas Mordal
thomas.mordal@aukra.kommune.no
Mob: 47 87 54 74
 
Miljøarbeidar for ungdom: Dovile Augulyte 
dovile.augulyte@aukra.kommune.no
Mob: 40 16 29 26