Ung i Aukra
Alle tilboda er for ungdom 8. klasse–17 år som bur eller går på skule i Aukra kommune.
Alle arrangementa er rusfri og dei fleste er gratis.
Ein miljøarbeidar, natteravner og foreldrevakter er tilstades på tilboda. Det skal være trygt å ferdast både inne i kulturhuset og ute i sentrumsområdet.
Vi tilbyr gratis skyss frå ferjekaia på open kveld på fredagar og på månedsarrangementa. Sjå ung i Aukra på Facebook for skysstider på dei ulike arrangementa.
Tilbod i sommar
Ung i Aukra - Open kveld
Open kveld kvar fredagskveld kl. 19.00 - 23.00, med unntak av veke 27, 29 og 30 då er det stengt. Tilbodet er for ungdom 8. klasse–17 år som bur eller går på skule i Aukra kommune.
Stad: Sentral´n, Aukra kulturhus
Desse datoane er det Open kveld:
Fredag 26. juni kl. 19.00 - 23.00
Fredag 10. juli kl. 19.00 - 23.00
Fredag 31. juli kl. 19.00 - 23.00
Fredag 7. august kl. 19.00 - 23.00
Fredag 14. august kl. 19.00 - 23.00
Dei som startar i 8. trinn til hausten kan komme på Open kveld for første gong enten på Julsundet skole- og fleirbrukshus torsdag 20. august kl. 18.00–21.00 eller på Sentral´n fredag 21. august kl. 19.00 - 23.00.
Gratis skyss til og frå ferjekaia på Gossen til Aukra kulturhus ved påmelding til tlf.nr: 96515043.
Etterskoletid på Sentral´n
Tysdagar fra kl. 14.15 –16.00 (pause i skuleferien)
Kom å heng på Sentraln med andre ungdommar etter skulen!
Du kan bruke kjøkkenet til å lage mat, spele playstation, brettspel, billiard, bordtennis eller berre komme for å henge. Det er kiosksal.

Open kveld på Sentral´n
Annakvar torsdag kl. 18.00–21.00 og kvar fredag kl. 19.00–23.00
Kom å ver saman med andre ungdommar. Her kan du spele playstation, bordtennis, billiard, brettspill, teste VR osv eller berre komme for å henge. Musikk og god stemning! Det er også kiosksal.
Gratis skyss om du kjem med ferja kl. 19.15 frå Hollingsholmen og skyss tilbake med ferja kl. 23.00 frå Aukra.

Open kveld på Julsundet skole
Annakvar torsdag kl. 18.30 –21.30
Kantina og gymsalen på skulen er ope. Kom for å henge med andre ungdommar, spele playstation, bordtennis, brettspill og aktivitetar i gymsalen. Musikk og god stemning! Det er også kiosksal.

I tillegg til Etterskoletid og Open kveld vil det og vere eit større arrangement ein laurdag i månaden. Miljøarbeidar vil vere til stades på alle arrangementene, i tillegg til frivillige som stiller opp som natteravn og foreldrevakt.
Nokon bilete frå månedsarrangement vi har hatt:

Halloweenkino Neonparty

Konsert Poolparty
Sjå Ung i Aukra på sosiale media for vekesoversikt over tilboda:
Les meir om møteplassar for ungdom
Les om ungdomsLOSane i Aukra kommune
Kontaktinformasjon til miljøarbeidarane:
thomas.mordal@aukra.kommune.no
dovile.augulyte@aukra.kommune.no
