Utstillingar

Utstillingar i  Aukra kulturhus

Kunstutstilling ARV 2026 "Samisk kulturarv i leire"

1.–11. juni
Sted: Liljå, Aukra Kulturhus
Gratis inngang

ARV er eit samarbeidsprosjekt mellom Aukra kulturskole, Aukra bibliotek, kulturformidlar ved Aukra kulturhus, og profesjonelle kunstnarar / handverkarar. Målet med ARV er å vidareformidle lokal kulturhistorie og ta vare på den lokale kunst og handverkstradisjonen, og gje dei eldste kunstelevane eit større prosjekt.  

I år har vi valgt å hente inspirasjon frå den samiske kulturen, og valgt keramikk som uttrykk. Dei eldste kunstelevane på Gossen og i Julsundet har deltatt i prosjektet. Elevane har hatt innføring i keramikk med lokal pottemakermester, Gro Kjellnes Løvik. Dei har lært om samisk kultur av kulturformidlar Marta Eidskrem og historieforteljar Anne Hungnes har vært innom gruppene og lest samiske historier for dei. Dette har inspirert elevane til å skape sine kunstverk i keramikk som er dekorert med fargar og mønster frå samisk kunst og kultur. 

Kunstlærar Liz Roberts har veileda elevane gjennom heile perioden, og vi er stolte av alle dei fine arbeida dei har laga!

Kunstutstillinga er open i biblioteket si åpningstid fram til og med 11. juni. 

Utstillinga opnar måndag 1. juni kl. 14.30 i Liljå.

Tidligare utstillingar:

Maleklubben i Aukra Kunstlag, 28. april–17. mai

"Maskerade" - utstilling med kunstelevar i Aukra kulturskole, 13.–25. april.

Kunstutstillinga "Møtepunkt" av kunstnar Mona Husøy, 21. mars–11. april 2026, Liljå

Kunstutstilling Ørnulf Opdahl 28. februar–14. mars 2026, Aukra kunstlag, Liljå

Pappeskeby i Liljå 2.–14. februar 2026 : SFO på Gossen barne-og ungdomsskole lager ein pappeskeby.

Aukra kulturskole sine kunstelevar stiller bokillustrasjonar i Liljå i desember 2025.

Aukra kunstlag – Gørild Bruaset kunstutstilling i Liljå 8.–22. november 2025.

Kunstutstilling - Åse Beate Trana Sporsem har utstilling i Liljå i perioden 11.-25. oktober 2025.

Fotoutstilling Kjell Stian Brunes, 13.-27 september 2025, Liljå

Kunstutstilling Martin Due - Strukturar i landskap, 14.–28. juni 2025, Aukra kunstlag, Liljå

Kunstutstilling "Gladglazz" av Anne Brit Krag, 5. april–27. april 2025, Aukra kunstlag, Liljå

Kunstutstilling inspirert av påskeliljemarka, Aukra kulturskole, 12.–27. april 2025, Liljå

Utstilling om Folkemusikk og folkedans i Romsdal, 8.-22. mars 2025, Liljå

Fotoutstilling med SFO på Gossen barne- og ungdomsskole 3.–22. februar 2025, Liljå

Jubileumsutstilling Aukra kunstlag 30. november – 19. desember 2024, Liljå 

Kunstutstilling Aukra kulturhus: Maria Sandsmark og Anne Meisal Nerbø 9.–24. november 2024, Liljå

Kunstutstilling Renee Christine Kårstein, 28. oktober–7. november 2024, Liljå

Kunstutstilling Aukra kulturskole, "I Gustav Klimt si ånd", 14.–27. oktober 2024, Liljå

Pop-ut utstilling Galleri Sand, 18.–22. september 2024, Wickssalen

Utstilling: Siri Kathrine Rude og Mette Rude, 7. september–9. oktober 2024, Liljå