Familieshow med Tobias Vik
Billetter
Om arrangementet
Familieshow med Tobias Vik
Gossen frilynde ungdomslag og Vennelaget - Aukra kulturhus inviterer til famileshow i Wickssalen.
Knuff -verdens verste pirat
Væpna med Noregsrekord i ballongar og Atlanterens dårlegaste ordspel vil den skeive piraten gjerne vise fram nokre flotte sjømannskunstar, men det går ikkje heilt etter planen. Så lenge latterkrabbene ler, er kapteinen nøgd.
Dette er eit stormande morosamt, allsidig og litt sprøtt slapstick-, standup- og sjørøvarshow som garantert vil fenge publikum og skape ei kjensle av inkludering, underhaldning og framfor alt store smil og mykje latter.
På scena står ein erfaren skodespelar med over 20 års fartstid som profesjonell entertainer på heiltid.
Om Tobias
Tobias Vik / Teater Avvik er ein av dei leiande aktørane innan barneteater i Noreg, og har turnert over store delar av landet sidan 90-talet. Han kjem frå ein teaterfamilie der underhaldning for barn har stått sterkt gjennom fleire generasjonar.
Teater Avvik blir drive saman med faren Lars Vik (Fritjof Fomlesen).
Billettar: kr. 50,- for barn og kr. 100,- for vaksne.
