Festklær til ungdom
Om arrangementet
Festklær til ungdom
Her vert det mogleg å levere inn og kjøpe brukte festantrekk, som kjolar og dressar. Arrangementet er ein del av Ombruksdagen til Aukra Husflidslag.
Stad: Wickssalen, fredag 9.- og laurdag 10. oktober
Opningstider
Fredag 9. oktober kl. 18.00–20.00
Laurdag 10. oktober kl. 11.00–15.00
Vi er glade for å ha med oss Linn Blomvågnes, som i fleire år har vore drivkrafta bak dette arrangementet. For å hjelpe kjøparar med eventuelle tilpassingar og rettingar av antrekka, vil medlemmer frå husflidslaget vere til stades og gi rettleiing.
Innlevering av festantrekk
Alle som leverer inn festantrekk må fylle ut eit skjema som er tilgjengeleg på innleveringsstaden. Personen som signerer skjemaet må ha fylt 18 år.
Innleveringstidspunkt:
Onsdag 7. oktober kl. 18.00–20.00, Myra og Nota, Aukra Kulturhus
Torsdag 8. oktober kl. 18.00–20.00, Myra og Nota, Aukra Kulturhus
Fredag 9. oktober kl. 18.00–20.00, Wickssalen, Aukra Kulturhus
Henting av uselde antrekk:
Klær som ikkje blir selde, kan hentast i Aukra Kulturhus søndag 11. oktober kl. 11.00–15.00. Det er mogleg å avtale anna hentetid dersom du er bortreist. Festantrekk som ikkje er henta innan fredag 16. oktober kl. 20.00, og der vi heller ikkje har fått beskjed frå eigar, blir leverte til Fretex veka etter.
Ta kontakt om du har spørsmål:
Linn Blomvågnes: 975 81 877 (kveldstid)
Janne Wie: 454 16 737
