Syver og pappa Øyvind

Om arrangementet

Torsdag 22. oktober kl. 18.00 kjem Syver og pappa Øyvind Blindheim til Aukra kulturhus. 

Føredrag om demens: Øyvind Blindheim, pappaen til Syver frå Team Pølsa, deler ei ekte og gripande historie om håp, mot og livsmeistring. Med varme, humor og nærvær fortel han om erfaringar frå kvardagen og minner oss på kva som verkeleg betyr noko i livet. 

Syver og pappa Øyvind - ei gripande historie om håp, mot og livsmeistring – kampen mot barnedemens. 

Det blir servert kaffi, te og noko attåt etter føredraget. Det blir høve til å kjøpe boka om Syver. 

Arrangør: Aukra demensforening 

Arrangementet er gratis og ope for alle, men du må reservere ein billett.