Rindarøy i gamle dagar. Foto- og forteljarkveld
Billetter
Om arrangementet
Aukra historielag og Aukra bibliotek ønskjer velkommen til foto- og forteljarkveld om Rindarøy i gamle dagar.
Tidlegare ordførar Bernhard Riksfjord fortel om korleis det var å vekse opp på Rindarøy på 50/60-tallet - andre vil også fortelje.
Fram til nærare midten av 1960-talet var Rindarøy noko isolert frå omverda. Moloen var enda ikkje bygd, og ein måtte i båt for å komme ut til øya. Det utvikla seg eit eige samfunn her ute, med skole, viktige arbeidsplassar og ein form for «væreigar».
Arrangementet er gratis og ope for alle, men du må reservere ein billett.
