Patti Smith på nynorsk

Om arrangementet

Rockelegenda Patti Smith fyller 80 år og det vil vi feire!
Gossen Frilynde Ungdomslag og Aukra bibliotek ønskjer velkommen til ein heilt spesiell kveld med både ord og tonar. Vi lovar at dette blir ei flott oppleving.

"Patti Smith på nynorsk" er ei framføring der songar Kari Harneshaug og gitarist Kyrre Laastad gjer musikalske tolkingar av Patti Smith sin musikk på nynorsk. Det heile er omkransa av Brit Bildøen si opplesing frå memoarbøkene til Patti Smith. 

Omsettinga blei støtta av Kulturrådet, utval for litteratur, og det er Samlaget-forfattarane Brit Bildøen, Agnes Ravatn og Ragnar Hovland som har omsett repertoaret Kari Harneshaug har plukka ut. Repertoaret strekk seg frå Horses (1975) til Banga (2012). Brit Bildøen har også omsett fleire av memoarbøkene til Patti; Just Kids, M Train og Apens år. Framføringa har blitt gjort ved ei rekke arrangement og litteraturfestivalar i Norge som Dei nynorske festspela, Bøker i Bø, Det Vilde ord, Munchmuseet og De litterære festspill i Bergen.

Arrangementet er gratis og ope for alle, men du må reservere ein billett.