SLT-seminar: Ein tryggare digital kvardag med Maja Lunde
Billetter
Om arrangementet
SLT-seminar: Ein tryggare digital kvardag med Maja Lunde
Tid: Onsdag 11. november kl. 18.30-20.15. Enkel servering og mingling frå kl. 18.00.
Stad: Wickssalen, Aukra kulturhus
Målgruppe: Foreldre, føresette og alle som arbeider med eller har ansvar for barn og unge
Korleis kan vi saman bidra til ein tryggare oppvekst i ei stadig meir digital verd?
Aukra kommune inviterer foreldre, føresette, tilsette i barnehage, skule, helse, fritid og andre som arbeider med barn og unge til eit viktig og inspirerande SLT-seminar i Wickssalen ved Aukra kulturhus den 11. november 2026. Denne kvelden får vi besøk av den kjende forfattaren Maja Lunde, som vil halde eit engasjerande føredrag om barn, oppvekst, teknologi og korleis den digitale utviklinga påverkar kvardagen til barn og unge.
I Aukra ønskjer vi å arbeide målretta for å skape ein meir trygg digital kvardag for barn og unge. Stadig fleire foreldre, fagpersonar og forskarar peikar på kor viktig det er å reflektere over smarttelefonar, skjermbruk, sosialt samspel og tilhøyrsle. Gjennom seminaret ønskjer vi å skape kunnskap, refleksjon og dialog om korleis vi vaksne kan stå saman om gode val for barna våre. Det langsiktige målet er å bidra til ein oppvekst der barn og unge får meir tid til leik, vennskap, fellesskap og fysisk aktivitet, og mindre press frå sosiale medium og konstant digital tilgjenge. Vi ønskjer å undersøkje korleis ein kan leggje til rette for ein meir smarttelefonfri barndom, og korleis foreldre, skule, frivilligheita og lokalsamfunnet saman kan vere gode støttespelarar i dette arbeidet.
Seminaret er ope for alle interesserte, og vi håpar mange tek del i denne viktige samtalen om framtida til barna og ungdommane våre.
Saman skaper vi ein tryggare digital kvardag for barn og unge i Aukra.
Gratis arrangement - du må hente ut gratisbillett
Foto av Maja Lunde: Agnete Brun
