Ombruksdag Aukra Husflidslag
Billetter
Om arrangementet
Aukra Husflidslag inviterer til ombruksdag i Wickssalen
Laurdag 10. oktober kl. 11.00–15.00
Denne dagen set vi fokus på ombruk, gjenbruk og enkle reparasjonar. Vi ønskjer å vise korleis ting kan få nytt liv i staden for å bli kasta.
Nytt i år! Linn Blomvågnes er med på laget og formidlar brukte festantrekk, sjå eige arrangement.
Dette skjer på ombruksdagen:
- Medlemmer har stand der du kan kjøpe redesigna produkt og andre ting som kan brukast om igjen.
- Tombola med mange flotte gevinstar.
- Pop-up-butikk der du kan selje brukte strikkeplagg, luer, vottar og liknande. Ta kontakt dersom du ønskjer plass. Det er gratis å delta.
- Gratisbord der alle kan levere eller hente garn, bøker, strikkepinnar, heklenåler, stoff, sytråd og anna hobbyutstyr.
- Strikke- og heklebord der du kan arbeide med eigne prosjekt og få hjelp dersom du står fast.
- Enkel reparasjon av klede og andre tekstilar.
Dette blir ein innhaldsrik husflidsdag med fokus på ombruk og berekraft, der både store og små kan finne inspirasjon til å ta vare på tinga dei allereie har.
Har du spørsmål?
Send oss ei melding på Facebook-sida Aukra Husflidslag eller kontakt Janne Wie på e-post: jannew63@gmail.com.
